Last ned pressefoto

Skal du skrive programomtale, kan du bruke denne teksten. Du står fritt til stryke det du ikkje vil ha med.

Biografi:

Forteljar Guri Aasen frå Hovdebygda i Ørsta kommune driv enkeltpersonføretaket Vestafor Måne med base i Fosnavåg i Herøy, og har arbeidt som kulturarbeidar og profesjonell forteljar sidan 2003.

Utdanning og karriere:

Guri Aasen er utdanna førskulelærar med vidareutdanning i fagområda Barnelitteratur med drama, Teater for barn og Munnleg forteljing ved Høgskulen i Oslo.

Ho har lang arbeidserfaring frå barnehage, skuleverket og kultursektoren i Oslo kommune. Etter at ho flytta til Sunnmøre i 2003 dreiv ho i 10 år det vesle kulturhuset  Jacobsenhuset – kuturoasen i havgapet i Fosnavåg. I tillegg har ho mellom anna vore dagleg leiar i Stiftinga Herøyspelet, instruktør ved Jugendteateret og ved Herøy kulturskule og prosjektmedarbeidar ved Herøy kystmuseum.

Samarbeidspartar

Guri Aasen har sett opp ei rekke framsyningar, oftast åleine, men óg saman med andre kunstnarar. Mellom desse er fløytist  Øyvind Granden Berg, fiolinist Andrine Longva Kopperstad, Ålesund symfoniorkester, Giske blandakor, Hemingen blandakor, skodespelar Nina Elisabeth Bøe og  museumsformidlar Håvard Hatløy.

Framsyningar

Guri Aasen sitt repertoar spenner frå kulturforteljingar basert på lokalhistorie, via segner, legender og folkeeventyr til forteljingar frå norrøn og gresk mytologi.

Hennar mest framtredande produksjonar til no har vore

Lenke til nokre  presseomtalar?

Guri Aasen fartar land og strand rundt både i eige fylke og i andre eigner som sceneforteljar. Den kulturelle skulesekken  i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, samt kommunar på Sunnmøre, har over fleire år kjøpt inn hennar framsyningar for elevar i grunnskulen og vidaregåande skule. I inneverande skuleår turnerer ho for Kultursekken med både Blåmyra og Fiskarkona.

Mellom andre scener ho har stått på kan nemnast Ålesund teaterfestival – Høstscena, Ivar Aasen-tunet, Parken kulturhus i Ålesund, Herøy kulturhus, Jacobskirka, Fortellerfestivalen i Oslo, Sunnmøre museum – Borgundgavlen, Longyearbyen skole, Herøy kystmuseum, Runde miljøsenter, samt eit utal private » scenerom» som innleigd forteljar for slutta lag og organisasjonar.

Kurs- og verkstadhaldar

Guri Aasen vert hyppig leigd inn til å halde kurs og verkstader for ulike grupper innan utdanning, reiseliv og kulturretta verksemder.

Mellom hennar oppdragsgjevarar kan nemnast Herøy kommune, barnehage-nettverket Sjustjerna, Møre og Romsdal Fylke, Helse Sunnmøre HF, Innovasjon Norge, Norsk kulturskoleråd, Høgskulen i Volda, Ålesund kommune og Stiftinga Sunnmøre Museum