Aktaions lagnad
minotaurus8r

Eg har ein draum om å feriere på Kreta ein gong. Kvifor? For å vitje det mest kjende av alle Kreta sine fortidsminne, nemleg Knossos, ruinane etter palasset der sagnkongen Minos regjerte for meir enn 4000 år sidan. Historia om det frykta uhyret Minotaurus kjem herfrå. For det var nettopp her arkitekten Daidalos på kong Minos si befaling bygde labyrinten der eit redselsfullt vesen med menneskekropp og oksehovud vart stengt inne. Minotaurus drap og åt alle som vart sende inn til han. Kvart niande år var kong Aegeas av Athen tvungen til å sende sju unge gutar og jenter til Knossos for at dei skulle ofrast til vanskapningen. Då tida var komen for den tredje ofringa, melde prins Theseus seg til teneste. Som  trunarving til kongsmakta i Athen såg den unge mannen det som si plikt å gå inn i labyrinten og drepe Minotaurus.

Heldig var helten då kong Minos si dotter, Ariadne, tilbaud seg å hjelpe han. ( Lenke til produktark)