« I Hellas i gamal tid, trudde folk på gudinner.

Dei var mange, og krafta deira var stor.

Ei var gudinne for grøde og for alt som på markane gror,

ho var vakker, vis og god – Demeter heitte ho.»

Den viktigaste myta om Demeter er den om dottera hennar, Kore, som vart røva av dødsfyrsten Hades og tatt med til underverda for å regjere saman med han over » skuggane».
«Då, med eitt skalv jorda, og eit svelg åpna seg i det grøne graset framfor henne, djupt og svart som ein gapande kjeft. Opp frå avgrunnen kom i full fart fire svarte hestar spente for ei gullvogn farande.

I vogna stod ein mann som Kore ikkje drog kjensel på – staseleg å sjå til, høg og vakker, men andletet vart bleikt og dystert. Det mørke håret fall i tunge lokkar nedover skuldrane hans, og augene blenkte som svarte diamantar.»

Dette er opptakta til ei av dei mes særmerkte mytene i den greseke mytologien. (Demeter og Kore- produktark)