12. Ned av sokkelen

Ei av dei mektigaste i den greske gudekretsen var Artemis, gudinna for jakt og dei ville dyra.

Ho var dotter av Zevs og månegudinna Leto og tvillingsyter til Apollon. Artemis var høgreist og vakker, kledd i ei kort vid jaktdrakt og sølvsandalar. Bevepna med eit jakthorn forma som ein månesigd, pilkogger med gullpilar over skuldrane og boge i handa, jaga ho i skogar og fjell, og ved hennar side sprang ei kvit hind og seksti nymfer som fylgde henne kvar ho for.

Ein vakkar sommardag då den unge jegeren Aktaion veida i Artemis sine skogar, kom han uforvarande i den mektige gudinna sin veg. Eit møte som skulle avgjere ynglingen sin lagnad. (Lenke til produktark)