MINOTAURUS – og om Ariadnes tråd
Eg har ein draum om å feriere på Kreta ein gong. Kvifor? For å vitje det mest kjende av alle Kreta sine fortidsminne, nemleg Knossos, ruinane etter palasset der sagnkongen Minos regjerte for meir enn 4000 år sidan. Historia om det frykta uhyret Minotaurus kjem herfrå. For det var nettopp her arkitekten Daidalos på kong […]
Read ArticlePYGMALION OG GALATEA – frå Ovids Metamorfoser
Pygmalion heitte ein gåverik og svært ettertrakta billedhoggar på Kypros. Han hadde den «særheita» at han var totalt uinteressert i kvinner, dette fordi han såg på dei som både umoralske og frivole, og bestemte seg difor for aldri å gifte seg. I staden gjekk Pygmalion med heile si sjel inn for kunsten – og nøgde […]
Read ArticleODYSSEEN – ei 20 års reise på ein time
“Av alle heltane som kjempa ved Troja, var Odyssevs, kongen av Itaka, den klokaste og luraste. Det var han som var arkitekten bak den trojanske hest, og som etter ein 10 år lang strid gav grekarane sigeren». Homers Odysseen tek til når krigen mot Troja (Illiaden) er over og dei greske heltane kan vende heim. […]
Read ArticleAKTAIONS LAGNAD – om ein ung jeger sitt møte med sjølvaste jaktgudinna
Ei av dei mektigaste i den greske gudekretsen var Artemis, gudinna for jakt og dei ville dyra. Ho var dotter av Zevs og månegudinna Leto og tvillingsyter til Apollon. Artemis var høgreist og vakker, kledd i ei kort vid jaktdrakt og sølvsandalar. Bevepna med eit jakthorn forma som ein månesigd, pilkogger med gullpilar over skuldrane […]
Read ArticleDEN GODE GÅVA – segna om Demeter og Kore
« I Hellas i gamal tid, trudde folk på gudinner. Dei var mange, og krafta deira var stor. Ei var gudinne for grøde og for alt som på markane gror, ho var vakker, vis og god – Demeter heitte ho.» Halldis Moren Vesaas; Den gode gåva (Lenke til produktark) Den viktigaste myta om Demeter er […]
Read ArticleMEDUSA, KVINNA MED SLANGEHÅRET – om kjærleik og svik, og om det blå, skumkvite, solglitrande havet
Gjennom århundrar har Medusamotivet fengsla både forfattararar og biletkunstnarar. I gresk mytologi er Medusa den vakre ungjenta kjend for sitt gylne hår som flyt på vasskorpa som ein duvande manet med lange, skjelvande trådar. Den mektige Athene kan ikkje tåle at venleiken til den ufordragelege «havheksa» overstrålar hennar eigen, slik at endåtil sjølvaste havguen Poseidon […]
Read Article