I HELLAS I GAMMAL TID - GRESKE MYTER OG SEGNER

Hellas vert kalla den vestlege kulturen si vogge. Dei gamle grekarane trudde på mange forskjellige gudar oggudinner, og historiene om dei er høgst levande som ein viktig europeisk kulturarv endå i dag. Haldis Moren Vesaas, Tor Åge Bringsvær, Terje Nordby med fleire har omsett mange av dei fantastiske mytene og segnene til norsk og såleis inspirert meg til å tileigne meg eit lite knippe av forteljingar frå denne utømelege skattkista. Meir enn totusen år gamle forteljingar om gudar, gudinner, heltar og heltinner som vi i dag finn att ved å skode opp på himmelkvelvingen ein klar haustkveld. For der er dei for evig sett på firmamentet, som sol og måne, stjernebilde og planetar.

01 / MEDUSA, KVINNA MED SLANGEHÅRET – OM KJÆRLEIK OG SVIK, OG OM DET BLÅ, SKUMKVITE, SOLGLITRANDE HAVET

Medusa

Gjennom århundrar har Medusamotivet fengsla både forfattararar og biletkunstnarar.

I gresk mytologi er Medusa den vakre ungjenta kjend for sitt gylne hår som flyt på vasskorpa som ein duvande manet med lange, skjelvande trådar. Den mektige Athene kan ikkje tåle at venleiken til den ufordragelege  «havheksa» overstrålar hennar eigen, slik at endåtil sjølvaste havguen Poseidon vert ør av attrå. Gudinna lyser ein forbannelse over Medusa, som for evig og alltid skal forvandle henne til det hesligaste monster – gorgonen med slangehåret.

Lenke til produktark

02 / DEN GODE GÅVA – SEGNA OM DEMETER OG KORE

Demeter og Kore

« I Hellas i gamal tid, trudde folk på gudinner.
Dei var mange, og krafta deira var stor.
Ei var gudinne for grøde og for alt som på markane gror,
ho var vakker, vis og god – Demeter heitte ho.»

Halldis Moren Vesaas; Den gode gåva

Den viktigaste myta om Demeter er den om dottera hennar, Kore, som vart røva av dødsfyrsten Hades og tatt med til underverda for å regjere saman med han over » skuggane».
«Då, med eitt skalv jorda, og eit svelg åpna seg i det grøne graset framfor henne, djupt og svart som ein gapande kjeft. Opp frå avgrunnen kom i full fart fire svarte hestar spente for ei gullvogn farande. I vogna stod ein mann som Kore ikkje drog kjensel på – staseleg å sjå til, høg og vakker, men andletet vart bleikt og dystert. Det mørke håret fall i tunge lokkar nedover skuldrane hans, og augene blenkte som svarte diamantar.»

Dette er opptakta til ei av dei mes særmerkte mytene i den greseke mytologien.

Lenke til produktark

03 / AKTAIONS LAGNAD – OM EIN UNG JEGER SITT MØTE MED SJØLVASTE JAKTGUDINNA

Aktaions lagnad

Ei av dei mektigaste i den greske gudekretsen var Artemis ( i romers mytologi Diana), gudinna for jakt og dei ville dyra.

Ho var dotter av Zevs og månegudinna Leto og tvillingsyter til Apollon. Artemis var høgreist og vakker, kledd i ei kort vid jaktdrakt og sølvsandalar. Bevepna med eit jakthorn forma som ein månesigd, pilkogger med gullpilar over skuldrane og boge i handa, jaga ho i skogar og fjell, og ved hennar side sprang ei kvit hind og seksti nymfer som fylgde henne kvar ho for.

Ein vakkar sommardag då den unge jegeren Aktaion veida i Artemis sine skogar, kom han uforvarande i den mektige gudinna sin veg. Eit møte som skulle avgjere ynglingen sin lagnad.

Lenke til produktark

04 / ODYSSEEN – EI 20 ÅRS REISE PÅ EIN TIME

odysseen

“Av alle heltane som kjempa ved Troja, var Odyssevs, kongen av Itaka, den klokaste og luraste. Det var han som var arkitekten bak den trojanske hest, og som etter ein 10 år lang strid gav grekarane sigeren».

Homers Odysseen tek til når krigen mot Troja (Illiaden) er over og dei greske heltane kan vende heim. Odyssevs legg med flåten sin ut på ei strabasiøs og eventyrleg heimreise der han møter mange farar og hindringar. 

Lenke til produktark

05 / PYGMALION OG GALATEA – FRÅ OVIDS METAMORFOSER

2. Pygmalion_and_Galatea

Pygmalion heitte ein gåverik og svært ettertrakta billedhoggar på Kypros. Han hadde den «særheita» at han var totalt uinteressert i kvinner, dette fordi han såg på dei som både umoralske og frivole, og bestemte seg difor for aldri å gifte seg. I staden gjekk Pygmalion med heile si sjel inn for  kunsten – og nøgde seg med å lage skulpturar av kvinner.

Ein dag kom han over eit stort stykke skinande kvit elfenbein, og bestemte seg for å hogge ut ei kvinnestatue av det.

Segna om Pygmalion og Galatea har gjeve inspirasjon til mange kunstnarar og forfattarar; til dømes Bernard Shaws teaterstykke Pygmalion og musikalen My fair lady. 
Lenke til produktark

06 / MINOTAURUS – OG OM ARIADNES TRÅD

minotaurus8r_

Eg har ein draum om å feriere på Kreta ein gong. Kvifor? For å vitje det mest kjende av alle Kreta sine fortidsminne, nemleg Knossos, ruinane etter palasset der sagnkongen Minos regjerte for meir enn 4000 år sidan. Historia om det frykta uhyret Minotaurus kjem herfrå. For det var nettopp her arkitekten Daidalos på kong Minos si befaling bygde labyrinten der eit redselsfullt vesen med menneskekropp og oksehovud vart stengt inne. Minotaurus drap og åt alle som vart sende inn til han. Kvart niande år var kong Aegeas av Athen tvungen til å sende sju unge gutar og jenter til Knossos for at dei skulle ofrast til vanskapningen. Då tida var komen for den tredje ofringa, melde prins Theseus seg til teneste. Som  trunarving til kongsmakta i Athen såg den unge mannen det som si plikt å gå inn i labyrinten og drepe Minotaurus.

Heldig var helten då kong Minos si dotter, Ariadne, tilbaud seg å hjelpe han.
Lenke til produktark