Om meg

Eg er fødd i 1953 og trakka mine barnesko i Hovdebygda i Ørsta kommune, men har levd mesteparten av vaksenlivet i Oslo, der eg i meir enn 25 år hadde arbeidsplassen min i Oslo kommune som førskulelærar, lærar i vidaregåande skule og i kulturadministrasjon.

Etter vidareutdanning i Teater for barn og deretter Munnleg forteljing ved Høgskulen i Oslo, vende eg i 2003 nasen vestover att for – som Askeladden – å prøve « finne lukka».

I Fosnavåg fann eg mitt Soria Moria – jugendvillaen Jacobsenhuset, som eg i 10 år dreiv som Kulturoasen i havgapet  og som vart base for forteljeverksemda mi Vestafor Måne. I dag har eg heimekontor i nytt hus på Hjelmeset utanfor Fosnavåg sentrum.