Er du eit nyfikent menneske som ber på  ein liten forteljar i  » i magen» som ikkje enno har komt ut i lyset?
Er du næringsdrivaren som kan tenkje deg å nytte munnleg forteljing i bedrifta si organisasjonsutvikling?
Er du pedagogen – bibliotekaren – museumsformidlaren – reiselivsaktøren som treng fagleg påfyll i korleis nytte forteljekunsten i ditt virke?
Er du skuleleiaren som vil tilby elevane forteljeverkstad for utvikling av språk, fantasi og sjølvkjensle?

Når ein skal finne forteljaren i seg sjølv, halde talar, vere programleiar eller liknande, er det alltid nyttig å skaffe seg kunnskap om korleis gjere forteljinga levande.

Innføringsbok i muntlig fortellerkunst, s. 44. (Universitetsforlaget, ISBN 978-15-01303-9) nemner høgskulelektor Heidi Dahlssveen nokre viktige kompetanseområde som utviklar og ivaretek  skuleringa av forteljaren, både som skapande og utøvande: 

Fantasi – forståelse og varheit for forteljinga – hugs – kommunikasjon og ytringsglede – konsentrasjon – kroppsbruk – lytting – observasjon – samarbeid og samspel– språk – stemmebruk – nærvær og tryggleik.

I forteljeverkstad arbeider vi med enkle, morosame og praktiske øvingar for å gje næring til  fantasien samt lære å hugse ei historie med hjartet ( «by heart») meir enn med hovudet, for slik gjere den til si eiga.

Kanskje rette verkemidla for nettopp deg finnest Vestafor Måne?
Fortel meg om dine behov, så skreddarsyr eg verkstad over nokre timar, over ein dag eller fleire.

Eg vert hyppig leigd inn til å halde verkstad for ulike grupper innan utdanning, reiseliv og kulturretta verksemder.

Nokre av oppdragsgjevarane mine finn du her