[vc_row][vc_column width=»1/1″][vc_custom_heading text=»EVENTYR – DET VAR EIN GONG» google_fonts=»font_family:Arimo%3Aregular%2Citalic%2C700%2C700italic|font_style:400%20regular%3A400%3Anormal»][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=»1/2″][vc_column_text]
Kva er eit folkeeventyr?
«Eit ekte folkeeventyr er ei internasjonal prosaforteljing av ukjent opphav. Den har eit overnaturleg og fantastisk innhald som har vorte munnleg – og skriftleg – overlevert i ei reke variantar innafor ein folkeleg forteljartradisjon som omfattar både born og vaksne».
(Det norske folkeeventyret- fra folkediktning til nasjonalkultur, Ørnulf Hodne/ISBN: 9788202181536 )
I ein internasjonal typekatalog er eventyra delt inn i grupper:
Dyreeventyr ( Asbj./ Moe: Hanen som fall i bryggekaret / Grimm: Ulven og de syv gedekid )
Undereventyr (Asbj./ Moe: Austanfor sol og vestanfor måne / Grimm: Hans og Grete )
Legendeeventyr (Asbj./ Moe: Jomfru Maria og svala / Grimm: Mariebarnet )
Novelleeventyr (Asbj./ Moe: Kongsdottera som ingen kunne målbinde / Grimm: Bedstefaderen og sønnesønnen )
Det dumme trollet (Asbj./ Moe: Oskeladden som kappåt med trollet / Grimm: Kæmpen og skrædderen )
Skjemteeventyr ( Asbj./ Moe: Somme kjerringar er slik /Grimm: Den kloge Hans )
Dei fleste av oss, enten vi er etnisk norske eller har innvandra til våre eigner frå andre kulturar, har med seg eit knippe med eventyr i bagasjen.
Med mange av eventyra samla i bildebøker vert i dag denne kulturskatten ofte formidla gjennom høgtlesing. Det er vel og bra at eventyra på den måten lever vidare, men inkje kan måle seg med det gode møtet mellom forteljar, tilhøyrar og forteljinga, andlet til andlet, utan noko slags hinder mellom ein, slik at ein på den måten deler eventyret slik som det har vandra «frå øyre til munn, frå gammal til ung» i uminnelege tider.
For meg som forteljar med røter i Gamlegrendi hass Ivar Aasen, er det ei glede at Asbjørnsen og Moes eventyrsamling er tilgjengeleg på hjartemålet mitt på verdsveven, noko som gjer det lettare å identifisere seg med språkdrakta i dei einskilde forteljingane.
Asbjørnsen og Moe samla verk på nynorsk finn ein her: http://oaks.nvg.org/asbjornsen-moe-eventyr.html
Eventyra har ingen aldersgrense
Eg kan love at det finnest eit passande eventyr til eit kvart høve.[/vc_column_text][/vc_column][vc_column width=»1/2″][vc_single_image image=»11390″ img_size=»full»][vc_column_text]Kvitebjørn Kong Valemon – T. Kittelsen[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=»1/1″][vc_separator][/vc_column][/vc_row]