Kva er munnleg forteljekunst og kva gjer ein forteljar?
Norsk Fortellerforum – interesseorganisasjon for forteljarar – sin definisjon lyder slik:
«Munnleg forteljing eller forteljarkunst er ikkje teater eller opplesning, men ein eigen kunstart der sjølve forteljinga og møtet mellom den som lyttar og den som fortel stend i sentrum.
Forteljaren har berre seg sjølv, si stemme og sine indre bilde, og viktigast av alt – sine historier. Han eller ho gjenfortel ikkje ein nedskriven tekst ordrett, men søkjer å gi historia sitt personlege særpreg.
Kjeldene er som regel munnlege eller innsamla tradisjonsstoff som myter, eventyr, legender, segner og vitsar. Skrøner og historier fra eige eller andre sine liv vert også fortalt.
Vestafor Måne skreddarsyr fortelje- og verkstadprogram for barnehage og skule, kulturarrangørar, reiseliv og næringsliv, interesseorganisasjonar og privatpersonar, for vaksne like så vel som for barn og ungdom.
Velkomen til å vandre gjennom heimesida mi, der eg vonar du vil finne noko som gjer deg så nyfiken på forteljekunsten sitt vesen at du tek kontakt med meg for å få vite meir om kva eg kan tilby.